17 Gideon sa: «Har du godvilje for meg, så gjev meg eit teikn på at det er du som talar med meg.
18 Kjære, gå ikkje herifrå før eg kjem att med ei offergåve og legg henne fram for deg.» Herren svara: «Eg skal bia til du kjem att.»
19 Så gjekk Gideon inn og stelte til eit kje, tok ein efa mjøl og baka usyrt brød. Kjøtet la han i ei korg og soddet hadde han i ei krukke. Så bar han det ut til Guds engel under eika og sette det fram for han.
20 Då sa engelen til han: «Ta kjøtet og det usyrte brødet, legg det på dette berget og slå soddet utover!» Han gjorde det.
21 Så rette Herrens engel ut staven som han hadde i handa, og stakk borti kjøtet og det usyrte brødet. Då slo det eld opp or berget og øydde kjøtet og brødet. Og Herrens engel kvarv bort for augo hans.
22 Då Gideon skjøna at det var Herrens engel han hadde sett, ropa han: «Å, Herre Gud, eg har sett Herrens engel åsyn til åsyn!»
23 Men Herren sa til han: «Fred vere med deg! Ver ikkje redd, du skal ikkje døy!»