2 hadde dei makta over Israel. Til vern mot Midjan stelte israelittane til dei gøymestadene som finst oppi fjella, både holer og fjellborger.
3 Kvar gong israelittane hadde sått, kom midjanittane og amalekittane og andre folk i aust og tok på dei.
4 Dei leira seg midt imot dei og øydde grøda i landet heilt bort til Gasa. Dei leivde ikkje eit matagrann i Israel, og ikkje ein sau eller ein okse eller eit esel.
5 Dei kom dragande med buskap og telt så tett som grashopper. Det var ikkje tal på dei og kamelane deira, og kvar dei kom, la dei landet i øyde.
6 Israel vart reint utarma av herjingane deira, og israelittane ropa til Herren.
7 Då dei ropa til Herren fordi midjanittane plaga dei,
8 sende Herren ein profet til dei, og han sa: Så seier Herren, Israels Gud: Det var eg som førte dykk opp frå Egypt; eg henta dykk ut or trælehuset.