23 Men Herren sa til han: «Fred vere med deg! Ver ikkje redd, du skal ikkje døy!»
24 Så bygde Gideon eit altar for Herren der og kalla det «Herren er fred». Den dag i dag står det altaret i Ofra, som høyrer Abieser-ætta til.
25 Om natta sa Herren til Gideon: «Ta ein av oksane åt far din og ein annan okse, som er sju år gamal! Riv ned Ba’al-altaret åt far din og hogg ned Asjera-pålen som står attmed det.
26 Så skal du byggja eit altar for Herren din Gud på toppen av denne festningsborga og leggja alt til rettes. Ta så den andre oksen og ber han fram som brennoffer; bruk veden av Asjera-pålen, som du har hogge ned.»
27 Gideon tok med seg ti av trælane sine og gjorde som Herren hadde sagt. Men han torde ikkje gjera det om dagen; han var redd folket sitt og mennene i byen; difor gjorde han det om natta.
28 Då mennene i byen stod opp om morgonen, fekk dei sjå at Ba’al-altaret var nedrive, og at Asjera-pålen som stod der, var felt, og at oksen var ofra på det nybygde altaret.
29 Då sa dei seg imellom: «Kven kan ha gjort dette?» Og då dei spurde seg føre og granska etter, fekk dei vita at det var Gideon, son til Joasj, som hadde gjort det.