28 Då mennene i byen stod opp om morgonen, fekk dei sjå at Ba’al-altaret var nedrive, og at Asjera-pålen som stod der, var felt, og at oksen var ofra på det nybygde altaret.
29 Då sa dei seg imellom: «Kven kan ha gjort dette?» Og då dei spurde seg føre og granska etter, fekk dei vita at det var Gideon, son til Joasj, som hadde gjort det.
30 Mennene i byen sa då til Joasj: «Lat son din koma ut! Han skal døy fordi han har rive ned Ba’al-altaret og hogge ned Asjera-pålen som stod attmed det.»
31 Men Joasj sa til alle dei som stod kringom han: «Vil de strida for Ba’al? Vil de hjelpa han? Den som strider for Ba’al, skal lata livet før det ljosnar av dag. Er han gud, så lat han strida for seg sjølv, sidan dei har rive ned altaret hans.»
32 Den dagen fekk Gideon namnet Jerubba’al, for dei sa: «Lat Ba’al strida mot han, sidan han har rive ned altaret hans.»
33 No hadde alle midjanittane, amalekittane og andre folk i aust samla seg. Dei sette over Jordan og leira seg på Jisre’el-sletta.
34 Då kom Herrens Ande over Gideon. Han bles i horn, og Abieser-ætta samla seg og fylgde han.