31 Men Joasj sa til alle dei som stod kringom han: «Vil de strida for Ba’al? Vil de hjelpa han? Den som strider for Ba’al, skal lata livet før det ljosnar av dag. Er han gud, så lat han strida for seg sjølv, sidan dei har rive ned altaret hans.»
32 Den dagen fekk Gideon namnet Jerubba’al, for dei sa: «Lat Ba’al strida mot han, sidan han har rive ned altaret hans.»
33 No hadde alle midjanittane, amalekittane og andre folk i aust samla seg. Dei sette over Jordan og leira seg på Jisre’el-sletta.
34 Då kom Herrens Ande over Gideon. Han bles i horn, og Abieser-ætta samla seg og fylgde han.
35 Så sende han bod ut i heile Manasse, og dei samla seg og fylgde han. Og til Asjer og Sebulon og Naftali sende han bod; dei òg kom og gav seg i lag med Manasse-mennene.
36 Då sa Gideon til Gud: «Er det så at du vil bruka meg til å berga Israel, som du har sagt,
37 så høyr: No legg eg denne nyklypte ulla på treskjevollen. Kjem det så dogg på ulla medan heile marka er turr, då veit eg at du vil bruka meg til å berga Israel, som du har sagt.»