9 Eg fria dykk frå egyptarane og frå alle som var harde med dykk; eg dreiv dei bort for dykk og gav dykk landet deira.
10 Og eg sa til dykk: «Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje ottast gudane åt amorittane, som åtte det landet de bur i.» Men de ville ikkje høyra på meg.
11 Då kom Herrens engel og sette seg under den eika som står i Ofra, der Joasj av Abieser-ætta rådde. Gideon, son til Joasj, stod og treskte noko kveite i vinpressa, så han kunne berga kornet frå midjanittane.
12 Og Herrens engel synte seg for han og sa: «Herren er med deg, du djerve kjempe.»
13 Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Er Herren med oss, kvifor har då alt dette hendt? Kvar hender det no slike under som dei fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut or Egypt. Men no har Herren støytt oss frå seg og gjeve oss i hendene på midjanittane.»
14 Då snudde Herren seg til han og sa: «Gå i veg, så sterk som du er, og berga Israel or Midjans vald! Er det ikkje eg som sender deg?»
15 Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Korleis kan eg berga Israel? Ætta mi er den minste i Manasse, og sjølv er eg den yngste i huset åt far min.»