1 Jerubba’al, det er Gideon, tok ut tidleg om morgonen med alle mennene sine. Han leira seg attmed Harod-kjelda såleis at han hadde midjanitthæren nord for More-haugen, nede på sletta.
2 Då sa Herren til Gideon: «Du har for mykje folk med deg. Eg vil ikkje gje midjanittane i hendene på så mange; elles kunne Israel briska seg mot meg og seia: Det er mi eiga hand som har berga meg!
3 Rop no ut for folket: Den som er redd og fælen, kan snu og fara heim att frå Gilead-fjellet.» Då var det tjueto tusen mann som fór heim, og ti tusen vart att.
4 Men Herren sa til Gideon: «Du har enno for mykje folk. Lat dei gå ned til kjelda, så skal eg skilja ut nokre for deg der. Dei eg seier skal vera med deg, dei skal du ta med deg; og dei eg seier ikkje skal vera med deg, dei skal du ikkje ta med deg.»
5 Så lét Gideon folket gå ned til kjelda, og Herren sa til han: «Alle dei som lepjar i seg vatnet med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle dei som legg seg på kne og drikk.»
6 Dei som førte vatnet til munnen med handa og lepja, var tre hundre i talet. Alle dei andre la seg på kne og drakk av vatnet.
7 Då sa Herren til Gideon: «Med dei tre hundre mennene som lepja, vil eg berga dykk, og eg vil gje midjanittane i hendene dine. Alle dei andre kan fara heim att.»