14 Då svara hin: «Dette kan ikkje vera noko anna enn sverdet åt Gideon Joasjson, israelitten. Gud har gjeve midjanittane og heile leiren i hans hender.»
15 Då Gideon høyrde draumen som vart fortald, og tydinga, bøygde han seg og tilbad Gud. Han gjekk attende til Israels-leiren og sa: «Stå opp! Herren har gjeve midjanitthæren i hendene dykkar.»
16 Så delte han dei tre hundre mennene i tre flokkar. Han gav dei alle horn og tome krukker i hendene og faklar til å ha inni krukkene.
17 Og han sa til dei: «Sjå på meg, og gjer de like eins! Når eg er komen til utkanten av leiren, skal de gjera som eg.
18 Når eg og alle dei som er med meg, blæs i horn, skal de òg blåsa i horn rundt ikring heile leiren og ropa: For Herren og for Gideon!»
19 Gideon og dei hundre mennene som var med han, kom til utkanten av leiren med det same midnattsvakta tok til; det var så vidt midjanittane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i horna og knuste krukkene som dei hadde med seg.
20 Alle tre flokkane bles i horn og knuste krukkene sine. I venstre handa heldt dei faklane, og i høgre handa hadde dei horna som dei bles i. Og dei ropa: «Dra sverdet for Herren og for Gideon!»