17 Og han sa til dei: «Sjå på meg, og gjer de like eins! Når eg er komen til utkanten av leiren, skal de gjera som eg.
18 Når eg og alle dei som er med meg, blæs i horn, skal de òg blåsa i horn rundt ikring heile leiren og ropa: For Herren og for Gideon!»
19 Gideon og dei hundre mennene som var med han, kom til utkanten av leiren med det same midnattsvakta tok til; det var så vidt midjanittane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i horna og knuste krukkene som dei hadde med seg.
20 Alle tre flokkane bles i horn og knuste krukkene sine. I venstre handa heldt dei faklane, og i høgre handa hadde dei horna som dei bles i. Og dei ropa: «Dra sverdet for Herren og for Gideon!»
21 Men dei vart ståande kvar på sin plass rundt ikring leiren. Då tok alle som var i leiren, til å renna att og fram. Og ropande rømde dei.
22 Og Herren laga det så at då dei høyrde ljomen av dei tre hundre horna, vende dei sverda sine mot kvarandre alle som i leiren var. Hæren rømde til Bet-Hasjitta, bort imot Serera, til utkanten av Abel-Mehola ved Tabbat.
23 Då samla israelittane seg til strid, frå Naftali, Asjer og heile Manasse, og sette etter midjanittane.