7 Då sa Herren til Gideon: «Med dei tre hundre mennene som lepja, vil eg berga dykk, og eg vil gje midjanittane i hendene dine. Alle dei andre kan fara heim att.»
8 Så tok dei med seg maten åt folket og horna deira. Og Gideon lét alle dei andre israelittane fara heim, så nær som dei tre hundre; dei hadde han hjå seg. Midjanittleiren låg lenger nede i dalen.
9 Då det vart natt, sa Herren til Gideon: «Gjer deg ferdig og far ned til leiren! Eg gjev han i dine hender.
10 Er du redd, så gå fyrst ned med Pura, tenaren din!
11 Høyr på det dei seier, og du kjem til å kjenna deg sterk nok til å ta på leiren.» Så gjekk han og Pura, tenaren hans, ned til forpostane utanfor leiren.
12 Midjanittane og amalekittane og dei som høyrde ættene frå aust til, låg nede i dalen så tett som grashopper, og det var ikkje tal på kamelane deira; dei var som sanden på havsens strand.
13 Med det same Gideon kom, var det ein som fortalde sidemannen sin ein draum. Han sa: «No skal du høyra kva eg har drøymt: Eit byggbrød kom trillande ned mot midjanittleiren. Då det kom fram til eit telt, støytte det mot teltet og velte det, så det vart liggjande.»