12 Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei. Han tok begge Midjan-kongane, Sebah og Salmunna, til fange og skræmde heile hæren på flòg.
13 Då Gideon Joasjson vende heim att frå striden og kom oppetter Heres-bakken,
14 fekk han tak i ein ung gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann.
15 Då han så kom til mennene i Sukkot, sa han: «Sjå, her er Sebah og Salmunna, som de spotta meg for då de sa: Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje dei trøytte mennene dine mat?»
16 Så greip han dei eldste i byen, og han tok villtornar og tistlar og tukta mennene i Sukkot med dei.
17 Borga i Penuel reiv han ned, og mennene i byen slo han i hel.
18 Sidan sa han til Sebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennene som de slo i hel på Tabor?» Dei svara: «Dei likna deg; begge såg ut som kongssøner.»