25 Sikems-mennene la folk i bakhald på fjelltindane for å halda auga med Abimelek, og dei rana alle som fór framom dei på vegen. Dette fekk Abimelek vita.
26 På den tid kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flytte inn i Sikem, og folket der sette si lit til han.
27 Dei gjekk ut på marka og hausta vingardane sine, pressa druene og heldt fest og var glade. Så gjekk dei inn i templet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.
28 Då sa Ga’al Ebedsson: «Er Abimelek slik mann og Sikems-buane slike folk at vi skulle vera trælane hans? Er han ikkje son til Jerubba’al, og Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som er ætta frå Hamor, far til Sikem! Men kvifor skulle vi træla under denne mannen?
29 Gjev eg hadde dette folket i mi makt, så skulle eg nok få Abimelek or vegen. Då skulle eg seia til han: Auka hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»
30 Då Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han brennande harm.
31 Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem og øser opp byen mot deg.