47 Så snart Abimelek fekk vita at alt folket i Sikems-borga hadde samla seg,
48 gjekk han opp på Salmon-fjellet med alle mennene sine. Han tok ei øks i handa og hogg greiner av trea, tok dei opp og la dei på akslene og sa til folka sine: «Skunda dykk og gjer like eins som de såg meg gjera.»
49 Då hogg alle mennene kvar si bør med greiner og fylgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellar-romet og brende dei over hovudet på dei som var der. Såleis miste dei livet, alle som var i Sikems-borga, om lag tusen menn og kvinner.
50 Sidan gjekk Abimelek mot Tebes. Han kringsette byen og tok han.
51 Midt i byen var det eit festningstårn. Dit rømde alt folket i byen, både menn og kvinner. Dei stengde etter seg og gjekk opp på taket.
52 Abimelek gjekk fram mot tårnet og ville ta det. Men då han kom innåt porten i tårnet og ville setja eld på han,
53 var det ei kvinne som kasta ein kvernstein i hovudet på han, så skallen vart knust.