10 Alle fire var like å sjå til, og det var som om det eine hjulet var inni det andre.
11 Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Dei fylgde etter det fremste i den leia det vende seg, og snudde seg ikkje når dei gjekk.
12 Over heile kroppen åt skapningane, på ryggen, hendene og vengene, og like eins på dei fire hjula, var det fullt av augo rundt ikring.
13 Eg høyrde at hjula vart kalla hjulverk.
14 Kvar av skapningane hadde fire andlet. Det fyrste var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet.
15 Kjerubane lyfte seg. Det var dei skapningane som eg hadde sett attmed Kebar-elva.
16 Når kjerubane gjekk, gjekk hjula òg; når kjerubane breidde ut vengene og ville lyfta seg frå jorda, skilde ikkje hjula seg frå dei.