Esekiel 35 N78NN

Edom skal verta ei øydemark

1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2 Menneske, vend deg mot Se’ir-fjellet og tal profetord mot det!

3 Sei til det:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot deg, ¬Se’ir-fjell;eg retter ut handa mot degog gjer deg audt og øyde.

4 Byane dine legg eg i røys,og sjølv skal du verta ei audn.Då skal du sanna ¬at eg er Herren.

5 Fordi du bar ¬på eldgamal fiendskap,gav du Israels søner til sverdetden tid ulukka kom over dei,og dei fekk si endelege straff.

6 Difor, så sant eg lever,lèt eg deg blø, ¬seier Herren Gud,og blod skal forfylgja deg.Du rende ut blodog førte over deg skuld,difor skal blodet ¬sanneleg forfylgja deg.

7 Eg gjer Se’ir-fjellet audt ¬og øydeog rydjar ut dei ¬som ferdast der.

8 Eg fyller fjella der med drepne.På alle haugar, ¬i dalar og bekkefarfell menn som vert drepne ¬med sverd.

9 Eg gjer deg til ei evig audn,byane dine ¬skal liggja folketome.Då skal de sanna ¬at eg er Herren.

10 Fordi du sa: «Dei to folka og dei to landa skal verta mine; vi tek dei jamvel om Herren er der,»

11 difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, eg vil gjera med deg som du har fortent etter den vreide og iver du viste i ditt hat mot dei. Eg vil gjera meg kjend hjå deg når eg dømer deg.

12 Du skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Dei ligg aude; vi har fått dei til livberging.»

13 De tala i hovmod og bruka mange ord imot meg. Eg har nok høyrt det.

14 Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei audn.

15 Fordi du gledde deg då Israels arveland vart lagt i øyde, lèt eg det same henda med deg. Se’ir-fjellet og heile Edom skal verta ei audn. Då skal dei sanna at eg er Herren.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48