Esekiel 30 N78NN

Herrens dag er nær for Egypt

1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2 Menneske, tal profetord og sei:Så seier Herren Gud:Klag og rop: Å, for ein dag!

3 Dagen er nær, ¬ja, Herrens dag er nær.Det er ein dag ¬med mørke skyer,ei tid med dom over folkeslag.

4 Det kjem eit sverd mot Egypt.I Nubia skal folket skjelva ¬av angstnår egyptarar vert drepne ¬og fell,når rikdomen deira vert tekenog grunnmurane ¬vert nedrivne.

5 Dei som bur i Nubia, ¬Put og Lud,alt blandingsfolket ¬og libyarane,og menn i landet ¬som dei har pakt med,skal falla for sverd ¬saman med dei.

6 Så seier Herren:Dei som støttar egyptarane, ¬skal falla,deira stolte makt ¬skal bryta saman;frå Migdol til Syene ¬skal dei falla for sverd,lyder ordet frå Herren Gud.

7 Egypt skal liggja audt ¬mellom øydelagde land,og byane skal liggja ¬mellom øydelagde byar.

8 Då skal dei sanna ¬at eg er Herren,når eg set eld på Egypt,og alle som hjelper landet, ¬vert knuste.

9 Den dagen skal sendebod ¬frå meg dra av stad,dei dreg ut på skipfor å skræma ¬dei trygge nubiarane.Dei skal skjelva av angstnår dagen kjem for Egypt.Ja sjå, han kjem!

10 Så seier Herren Gud:Eg lèt Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia,gjera ende på ¬den ståkande hopen i Egypt.

11 Han og folket hans med han,dei verste valdsmenn ¬mellom folka,skal koma dit og herja landet.Dei skal dra sine sverd ¬mot Egyptog fylla landet med drepne.

12 Eg lèt elvane turka utog sel landet til vonde menn.Både det og alt som er i det,lèt eg framande øydeleggja.Eg, Herren, har tala.

13 Så seier Herren Gud:Eg vil gjera ende på avgudane,rydja ut dei gagnlause gudane ¬i Nof;det skal aldri meir ¬vera nokon fyrste i Egypt.Såleis spreier eg redsle i landet.

14 Eg legg Patros i øyde,set eld på Soanog held dom over No.

15 Eg lèt min harme ¬gå ut over Sin,den sterke festningsbyen ¬i Egypt,og rydjar ut folkehopen i No.

16 Når eg set eld på Egypt,må Sin vri seg og skjelva.No vert storma av fiendar,og Nof vert teke ¬midt på ljose dagen.

17 Dei unge menn i On ¬og Pi-Besetskal falla for sverd,dei andre må fara ¬i fangenskap.

18 I Takpanhes vert dagen mørk;der bryt eg styrarstavane ¬i Egypt,så den stolte makta i landet ¬tek slutt.Mørke skyer ¬skal liggja over byen,døtrene der ¬må fara i fangenskap.

19 Eg fullfører domen over Egypt,og dei skal sanna ¬at eg er Herren.

Faraos makt er broten

20 I det ellevte året, den sjuande dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

21 Menneske, eg har brote armenpå farao, kongen i Egypt.Sjå, ingen har fetla han,så han kan verta frisk att.Ingen har lagt forbinding ¬på han,så han vert sterk nok ¬til å gripa sverdet.

22 Difor seier Herren Gud:No går eg mot farao, ¬kongen i Egypt.Eg vil knekkja armane hans,både den sterke og den brotne,og sverdet slår eg ¬or handa hans.

23 Så spreier eg egyptarane ¬mellom folkaog strøyer dei ut i landa.

24 Eg gjer babylonarkongens ¬armar sterkeog gjev han sverdet mitt ¬i handa;men armen til farao bryt eg,så han ligg for hans føterog styn med banesår.

25 Når eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke,men lèt faraos armar siga,då skal de sanna ¬at eg er Herren.For eg legg mitt sverd ¬i babylonarkongens hand,og han retter det mot Egypt.

26 Når eg spreier egyptarane ¬mellom folkaog strøyer dei ut i landa,då skal dei sanna ¬at eg er Herren.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48