18 Så flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i templet og vart ståande over kjerubane.
19 Eg såg korleis kjerubane breidde ut vengene og lyfte seg frå jorda, og når dei steig, fylgde hjula med. Dei stogga attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og herlegdomen åt Israels Gud var oppover dei.
20 Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar.
21 Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender.
22 Andleta deira likna dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva; dei såg like eins ut. Kvar av kjerubane gjekk beint fram.