8 Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko som likna ei menneskehand.
9 Så fekk eg sjå at det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub; og hjula såg ut som krysolitt.
10 Alle fire var like å sjå til, og det var som om det eine hjulet var inni det andre.
11 Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Dei fylgde etter det fremste i den leia det vende seg, og snudde seg ikkje når dei gjekk.
12 Over heile kroppen åt skapningane, på ryggen, hendene og vengene, og like eins på dei fire hjula, var det fullt av augo rundt ikring.
13 Eg høyrde at hjula vart kalla hjulverk.
14 Kvar av skapningane hadde fire andlet. Det fyrste var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet.