21 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
22 Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane går, og alle syner slår feil.»
23 No skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket, så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Ja, du skal seia til dei at tida er nær då alt som er openberra i syner, skal oppfyllast.
24 For ingen skal ha svikefulle syner meir eller koma med falske spådomar i Israels ætt.
25 Det er eg, Herren, som talar; og det ordet eg talar, skal setjast i verk. Det skal ikkje setjast ut lenger. For enno medan de er i live, de som høyrer den trassige ætta til, talar eg mitt ord og set det i verk, lyder ordet frå Herren Gud.
26 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
27 Menneske! Israels-ætta seier: «Det synet han har, gjeld langt fram i tida; det er fjerne tider han spår om.»