2 Menneske, tal profetord mot dei profetane i Israel som driv og spår. Til dei som spår av eiga lyst, skal du seia: Høyr Herrens ord!
3 Så seier Herren Gud: Ve profetane, dei dårane som fylgjer sin eigen hug og ikkje har hatt syner.
4 Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel.
5 De gjekk ikkje opp i murrivnene og bygde ikkje skansar for Israels-ætta, så ho kunne stå seg i striden på Herrens dag.
6 Synene deira er falske og spådomane lygn. Dei seier: «Så lyder ordet frå Herren.» Men det er ikkje Herren som har sendt dei. Og så ventar dei at han skal la ordet slå til.
7 Er det ikkje falske syner de har hatt og lygnspådomar de har tala? De seier då: «Så lyder ordet frå Herren.» Men det er ikkje eg som har tala.
8 Difor seier Herren Gud: Fordi orda dykkar er falske og synene lygn, difor kjem eg over dykk, lyder ordet frå Herren Gud.