1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2 Menneske, set fram ei gåte for Israels-ætta, fortel dei ei likning
3 og sei: Så seier Herren Gud:Den store ørna ¬med store vengerog lange vengefjører,med tett og mangleta fjørham,kom til Libanon.Ho tok toppen av sederen,
4 braut av den øvste greina,førte henne til kræmarlandetog sette henne i handelsbyen.
5 Så tok ho ei plante ¬som voks i landet,og sette henne i god jord,planta henne som ei seljeein stad der det var rikeleg ¬med vatn.