10 No er det planta.Men vil det trivast?Vil det ikkje berre turkanår austavinden når det,turka i den jord det veks?
11 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
12 Sei til denne trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Du skal seia: Babylonarkongen kom til Jerusalem, tok kongen og hovdingane i byen og førte dei med seg til Babylonia.
13 Han tok ein ætling av kongehuset, gjorde pakt med han og lét han gjera eid. Så tok han stormennene i landet med seg.
14 Han ville at riket skulle haldast nede og ikkje reisa seg meir, men halda pakta med han, så ho kunne stå ved lag.
15 Men kongen gjorde opprør mot han og sende sendemenn til Egypt; dei skulle få tak i hestar og mykje folk til han. Vil dette lukkast? Kan den som gjer slikt, sleppa unna? Kan han bryta pakta og sleppa frå det?
16 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi han vanvørde eiden han gav den kongen som gjorde han til konge, og braut pakta med han, difor skal han døy hjå kongen i Babylonia.