7 Men det var ei anna ørnmed store venger ¬og tett fjørham.No tøygde vintreet sine røterbort imot denne ørnaog bøygde greinene ¬mot henne,så ho skulle gje det meir vatnenn jordstykket ¬som det var planta i.
8 Treet var planta i god jordog hadde rikeleg med vatn,så det kunne få greiner ¬og bera fruktog verta eit framifrå vintre.
9 Du skal seia:Så seier Herren Gud:Kjem vintreet til å trivast?Vert ikkje røtene rivne oppog treet snøytt for frukt?Alle friske renningar ¬skal turka,og då trengst det ingen ¬sterk armog ikkje mange mennesketil å riva det opp med rot.
10 No er det planta.Men vil det trivast?Vil det ikkje berre turkanår austavinden når det,turka i den jord det veks?
11 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
12 Sei til denne trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Du skal seia: Babylonarkongen kom til Jerusalem, tok kongen og hovdingane i byen og førte dei med seg til Babylonia.
13 Han tok ein ætling av kongehuset, gjorde pakt med han og lét han gjera eid. Så tok han stormennene i landet med seg.