13 Han låner ut for renter og driv åger – og så skulle han få leva! Nei, han skal ikkje få leva. Når han gjer alt dette stygge, skal han sanneleg døy. Han er sjølv skuld i sin død.
14 Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og lèt seg skræma av det, så han ikkje gjer det same.
15 Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar, og krenkjer ikkje kona åt nesten sin.
16 Han er ikkje hard med nokon, tek ikkje pant og ranar og røvar ikkje, men gjev den svoltne brød og den nakne klede.
17 Han legg ikkje hand på ein stakkar og tek ikkje renter og driv ikkje åger, men lever etter mine lover og fylgjer mine føreskrifter. Han skal ikkje døy fordi far hans har synda. Nei, han skal sanneleg leva.
18 Men far hans, som gjorde valdsverk, som rana og røva frå nesten sin og gjorde det som vondt er midt imellom landsmennene sine, han må døy for si synd og skuld.
19 De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda åt faren?» Jau, sonen har gjort rett og rettferd; han har halde mine føreskrifter og levt etter dei. Difor skal han få leva.