2 og seia: Kva var mor di?Ei løvinne mellom løver;mellom ungløver låg ho ¬og fostra sine ungar.
3 Ein av ungane alte ho opp,og han vart ei retteleg ungløve.Han lærte å gå på rov,han åt opp menneske.
4 Folkeslag fekk høyra om han,og han vart fanga ¬i deira fallgrav.Dei sette naseringar på hanog førte han til Egypt.
5 Då løvinna såg ¬at ho venta til fåfengs,at all hennar von var ute,då tok ho ein annan ¬av ungane sineog gjorde han til ei ungløve.
6 Han gjekk der ¬mellom løvinnene,og det vart ei ungløve av han.Han lærte å gå på rov,han åt opp menneske.
7 Han skadde borgeneog la byane i øyde.Landet og alt som fanst der,stivna av redsle ¬når dei høyrde han brøla.
8 Folk frå landa rundt ikringsette då ut sine garn.Dei strekte dei ut over hanog fanga han i si fallgrav.