7 Han skadde borgeneog la byane i øyde.Landet og alt som fanst der,stivna av redsle ¬når dei høyrde han brøla.
8 Folk frå landa rundt ikringsette då ut sine garn.Dei strekte dei ut over hanog fanga han i si fallgrav.
9 Dei sette han i bur,hadde naseringar på hanog førte han ¬til kongen i Babylon.Der sette dei han ¬i ei sterk festning,så ingen skulle høyra ¬brøla hans meirover Israels-fjella.
10 Mor di var eit vintre i hagen,planta attmed vatn.Treet bar frukt ¬og fekk mange greiner,fordi det hadde ¬rikeleg med væte.
11 Greinene vart så sterkeat dei kunne brukast ¬til styrarstavar.Høgt voks det opp mot skyene,lett synleg fordi det var så høgtog hadde så mange greiner.
12 Men treet vart rive opp ¬– i harme –og kasta til jorda.Austavinden turka ut frukta;jamvel dei sterke greinenevart rivne av og visna,og elden gjorde ende på dei.
13 No er det planta i øydemarka,i det turre, tyrstande landet.