13 For prøvinga kjem.Og kven skal ho råkaom ikkje dei ¬som vanvørder riset?lyder ordet frå Herren Gud.
14 Du menneske, tal profetordog slå i hop hendene!Både to og tre gonger ¬skal sverdet svingast.Det er eit sverd ¬som drep mange,eit veldig sverd ¬som gjev banesår;det trugar dei på alle kantar.
15 Dei skal missa motet,og mange skal falla;ved alle portane deiraset eg sverdet som høgg ned.Å ve, det er laga for å lyna,kvesst blankt for å slakta.
16 Ver kvast og hoggtil høgre og til venstre,dit egga di er vend.
17 Då skal eg òg ¬slå hendene samanog stilla min harme.Eg, Herren, har tala.
18 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
19 Du menneske, merk av to vegar som babylonarkongens sverd kan fylgja. Begge vegane skal gå ut frå eitt og same landet. Og der vegen tek av til ein by, skal du setja opp ein vegvisar