17 Då skal eg òg ¬slå hendene samanog stilla min harme.Eg, Herren, har tala.
18 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
19 Du menneske, merk av to vegar som babylonarkongens sverd kan fylgja. Begge vegane skal gå ut frå eitt og same landet. Og der vegen tek av til ein by, skal du setja opp ein vegvisar
20 der vegane tek til, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til fast by.
21 Attmed vegskilet, der dei to vegane byrjar, står babylonarkongen og tek varsel. Han kastar lodd med piler, spør husgudane til råds og ser på levra av offerdyr.
22 I høgre handa får han loddet «Jerusalem». Der skal han reisa stormbukkar, opna munnen og la krigsropet ljoma, eit sterkt krigsrop. Han skal reisa stormbukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.
23 Folk synest dette er ein falsk spådom. For dei har fått heilage lovnader. Men Herren minner dei om deira skuld, som gjer at dei kjem i fangenskap.