19 Du menneske, merk av to vegar som babylonarkongens sverd kan fylgja. Begge vegane skal gå ut frå eitt og same landet. Og der vegen tek av til ein by, skal du setja opp ein vegvisar
20 der vegane tek til, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til fast by.
21 Attmed vegskilet, der dei to vegane byrjar, står babylonarkongen og tek varsel. Han kastar lodd med piler, spør husgudane til råds og ser på levra av offerdyr.
22 I høgre handa får han loddet «Jerusalem». Der skal han reisa stormbukkar, opna munnen og la krigsropet ljoma, eit sterkt krigsrop. Han skal reisa stormbukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.
23 Folk synest dette er ein falsk spådom. For dei har fått heilage lovnader. Men Herren minner dei om deira skuld, som gjer at dei kjem i fangenskap.
24 Difor seier Herren Gud: De minner sjølve om dykkar skuld, når dykkar brot vert openberre, så synda viser seg i alt de gjer. Fordi dette har vorte kjent om dykk, skal de takast til fange.
25 Og du, gudlause ugjerningsmann, Israels fyrste, tida er komen då du skal få di endelege straff.