25 Og du, gudlause ugjerningsmann, Israels fyrste, tida er komen då du skal få di endelege straff.
26 Så seier Herren Gud: Bort med turbanen, av med krona! Det skal ikkje lenger vera som det var. Gjer det låge høgt og det høge lågt!
27 Eg legg alt i ruinar, berre ruinar. Det er ute med landet til dess han kjem, han som har retten til det. Han vil eg overlata det til.
28 Du menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud om ammonittane og spottorda deira: Eit sverd er drege for å slakta,eit sverd som er slipt ¬for å tyna og lyna.
29 Medan du får falske synerog spådomar som er lygn,skal sverdet rettast mot halsenpå gudlause menn ¬som må døy.No er deira time komen,den tid då dei får ¬si endelege straff.
30 Stikk sverdet i slira att!På staden der du vart til,i landet som du er ætta frå,der vil eg døma deg.
31 Eg lèt min harme ¬gå ut over degog blæs min vreideeld ¬mot deg.Eg gjev deg over ¬til harde menneske,som er meistrar ¬til å øydeleggja.