10 Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk uord på seg mellom kvinner. Såleis fullførte dei domen over henne.
11 Det såg Oholiba, syster hennar. Likevel vart ho endå verre enn systera i sine lyster og sitt utuktige liv.
12 Ho lengta etter assyrarane, statthaldarar og styresmenn som kom til henne i staselege klede, ryttarar høgt til hest, staute unge menn alle saman.
13 Eg såg at ho òg vart urein; begge gjekk dei same vegen.
14 Men endå lenger dreiv ho si utukt. Ho fekk sjå nokre menn som var teikna på veggen, bilete av kaldearar, rita inn med raudt.
15 Dei hadde belte om hoftene og hue som hang ned over hovudet. Alle såg ut som stridsmenn på vogner. Såleis var biletet av babylonarane, dei som har Kaldea til heimland.
16 Då ho såg mennene, fekk ho lyst på dei og sende bod til Kaldea etter dei.