16 Då ho såg mennene, fekk ho lyst på dei og sende bod til Kaldea etter dei.
17 Babylonarane kom til henne på elskhugslega og gjorde henne urein med si utukt. Men då ho såleis hadde vorte urein, vart ho inderleg lei av dei.
18 Sidan ho dreiv si utukt så openbert og kledde seg naken, vart eg lei av henne, liksom eg før hadde vorte lei av syster hennar.
19 Men endå lenger dreiv ho si utukt; for ho kom i hug sin ungdoms dagar, då ho dreiv hor i Egypt.
20 No lengta ho etter horkarane der; dei hadde lem som esel og sæd som hestar.
21 Du tenkte med lengsle på din ungdoms skamlause ferd, då egyptarane klemde barmen din og tok på dei unge brysta dine.
22 Difor, Oholiba, seier Herren Gud: No eggjar eg elskarane dine mot deg, dei som du vart så inderleg lei av; eg lèt dei koma mot deg frå alle kantar: