18 Sidan ho dreiv si utukt så openbert og kledde seg naken, vart eg lei av henne, liksom eg før hadde vorte lei av syster hennar.
19 Men endå lenger dreiv ho si utukt; for ho kom i hug sin ungdoms dagar, då ho dreiv hor i Egypt.
20 No lengta ho etter horkarane der; dei hadde lem som esel og sæd som hestar.
21 Du tenkte med lengsle på din ungdoms skamlause ferd, då egyptarane klemde barmen din og tok på dei unge brysta dine.
22 Difor, Oholiba, seier Herren Gud: No eggjar eg elskarane dine mot deg, dei som du vart så inderleg lei av; eg lèt dei koma mot deg frå alle kantar:
23 babylonarane, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge menn, statthaldarar og styresmenn alle saman, stridsmenn på vogner og høgvørde menn, alle til hest.
24 Dei kjem imot deg frå nord med rullande vogner og ei mengd med folk. Store skjold, små skjold og hjelmar retter dei mot deg frå alle kantar. Eg set dei til domarar, og dei skal døma deg etter sine lover.