3 Dei levde utuktig i sin ungdom; dei dreiv hor i Egypt. Der tok dei på brysta deira og klemde deira jomfrubarm.
4 Den eldste heitte Ohola, og systera heitte Oholiba. Dei vart mine og fødde søner og døtrer. – Namnet Ohola står for Samaria og Oholiba for Jerusalem.
5 Ohola dreiv hor og var utru mot meg. Ho lengta etter elskarane sine, assyrarane, som kom til henne,
6 statthaldarar og styresmenn, kledde i fiolett purpur, staute unge menn alle saman, ryttarar høgt til hest.
7 Ho gav seg til dei og dreiv hor; dei var alle mellom Assurs gjævaste menn. Såleis gjorde ho seg urein med alle dei som ho lengta så etter, og med alle avgudane deira.
8 Ho gav ikkje opp det utuktige livet ho hadde ført heilt frå ho var i Egypt. Der låg dei med henne då ho var ung, klemde hennar jomfrubarm og auste sin elskhug ut over henne.
9 Difor gav eg henne over til elskarane hennar, assyrarane, som ho lengta så etter.