46 Så seier Herren Gud: Eg fører fram ein folkeskare mot dei og gjev dei over til mishandling og ran.
47 Folkeskaren skal steina dei og hogga dei ned med sverd. Sønene og døtrene deira skal dei drepa, og husa skal dei brenna.
48 Eg gjer ende på den skamlause utukta i landet. Alle kvinner skal ta lærdom av det og ikkje lenger driva hor som de.
49 De må sjølve ta ansvaret for den skamlause åtferda dykkar og bera straffa for den syndige avgudsdyrkinga. Då skal de sanna at eg er Herren Gud.