19 Då sa folket til meg: «Vil du ikkje seia oss kvifor du gjer dette?»
20 Eg svara: Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
21 Sei til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, det stolte vernet som de ser med glede, og som de lengtar etter. Sønene og døtrene dykkar, som de lét vera att, skal falla for sverd.
22 Då skal de gjera som eg har gjort: De skal ikkje dekkja til skjegget og ikkje eta syrgjebrød.
23 Bind turbanen om hovudet og ta skor på føtene! De må ikkje klaga og gråta. Men de skal visna bort i dykkar synder og stynja med kvarandre.
24 Esekiel skal vera eit teikn for dykk. Nett som han har gjort, skal de gjera. Når dette hender, skal de sanna at eg er Herren Gud.
25 Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det dei ser med glede, og det dei lengtar etter, sønene og døtrene deira,