14 Eg vil la Israel, folket mitt, fullføra hemnen over Edom. Dei skal fara åt med Edom så som min vreide og harme krev, og dei skal få kjenna min hemn, seier Herren Gud.
15 Så seier Herren Gud: Fordi filistarane tok hemn, ja hemnde seg med vanvørdnad i si sjel og herja og øydde på grunn av gamal fiendskap,
16 difor seier Herren Gud: Eg retter ut handa mot filistarane; eg rydjar ut kretarane og gjer ende på resten av dei som bur utmed havet.
17 Eg tek ein hard hemn over dei når eg tuktar dei i min harme. Og dei skal få sanna at eg er Herren, når eg lèt min hemn koma over dei.