2 Menneske, vend deg mot ammonittane og tal profetord mot dei!
3 Sei til ammonittane: Høyr ordet frå Herren Gud: Så seier Herren Gud: Fordi du ropa spottord over heilagdomen min då han vart vanhelga, over Israels land då det vart lagt i øyde, og over Juda-ætta då ho laut fara i fangenskap,
4 sjå, difor gjev eg deg over til austmennene, så dei kan ta deg i eige. Dei skal slå opp sine teltleirar i landet ditt og setja opp sine bustader der. Dei skal eta frukta di og drikka mjølka di.
5 Eg gjer Rabba til beitemark for kamelar, ammonittlandet til kvilestad for småfe. Då skal de sanna at eg er Herren.
6 Ja, så seier Herren Gud: Fordi du klappa i hendene, trappa med føtene og gledde deg over Israels land, med djup vanvørdnad i di sjel,
7 difor retter eg ut handa mot deg og gjev deg til bytte for andre folk. Eg rydjar deg ut or folka, driv deg bort frå landa og gjer ende på deg. Då skal du sanna at eg er Herren.
8 Så seier Herren Gud: Moab og Se’ir sa: «Sjå, det har gått med Juda som med alle andre folk.»