14 Frå folket i Togarma fekk du arbeidshestar, ridehestar og muldyr for varene dine.
15 Folk frå Rhodos handla med deg, ja mange øyar gjorde oppkjøp hjå deg. I staden gav dei deg elfenbein og ibenholt.
16 Edomittane handla med deg fordi du hadde så mange varer. I byte gav dei deg edelsteinar, raudt purpur og fargerikt ty, fint lin, korallar og rubinar.
17 Juda og Israel dreiv handel med deg. Kveite frå Minnit, bakverk, honning, olje og balsam gav dei deg i byte.
18 Damaskus handla med deg fordi du hadde så store mengder med varer og allslags gods. Dei kom med vin frå Helbon og ull frå Sahar.
19 Dan og Javan gav deg varer frå Usal for det dei kjøpte av deg. Smijern, kanel og kalmus fekk du i byte.
20 Dedan dreiv handel med deg; dei selde stoff til rideteppe.