20 Dedan dreiv handel med deg; dei selde stoff til rideteppe.
21 Arabarane og alle hovdingane i Kedar dreiv oppkjøp hjå deg. Lam og verar og bukkar gav dei deg i byte.
22 Kjøpmenn frå Saba og Rama handla med deg. Den finaste balsam, alle slag dyre steinar og gull gav dei for varene dine.
23 Folk frå Karan, Kanne og Eden og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad dreiv òg handel med deg.
24 På marknaden din selde dei staselege klede og purpurkapper, mangleta ty og teppe i to fargar og snorer som var tvinna fast.
25 Tarsis-skip ¬var dine handelskaravanar.Du var fylt av varer ¬og tungt lastanår du drog langt til havs.
26 Dine rorskarar førte deg ¬i mange farvatn.Men så kjem stormen frå austog knuser deg der ute på havet.