31 For di skuld ¬rakar dei seg snaueog bind syrgjeklede om seg.Med sorg i hugen græt deiog klagar bittert over deg.
32 Dei set i med likklageog syng ein syrgjesong ¬over deg:Kven har vorte tagal ¬som Tyrus,der han ligg midt uti sjøen?
33 Når varene dine ¬kom inn frå havet,metta du mange folkeslag.Med alt ditt gods ¬og alle dine varergjorde du kongar på jorda rike.
34 No er du knust ¬og sokken i havet;varene dine ¬og alt ditt mannskaphar gått til grunne med deg.
35 Alle som bur ¬på havsens strender,fæler når dei tenkjer på deg;kongane deira ¬er stive av skrekkog bleike i andletet av redsle.
36 Kjøpmenn i andre land ¬spottar deg.Du har vorte til skrekk og gru;borte er du for alltid.