6 Årane dine laga deiav store tre frå Basanog stamnen, ¬innlagd med elfenbein,av sypressar ¬frå kittearstrendene.
7 Seglet, ¬som skulle vera ditt merke,var av fargerikt lin frå Egypt,og taket i kahytta av purpur,raudt og fiolett, ¬frå Elisja-strendene.
8 Folk frå Sidon og Arvadvar rorskarar hjå deg, Tyrus,og dei mest dugande ¬mennene dinehadde du til styrmenn.
9 Gamle og kunnige menn ¬frå Byblosvar hjå deg ¬og bøtte skadane dine.Alle skip på havet ¬og sjømennene om bordkom til deg og bytte varer.
10 Menn frå Persia, Lud og Putgjorde teneste i hæren din.Skjold og hjelmar ¬hengde dei opp hjå deg,og dei kasta glans over deg.
11 Menn frå Arvad stod saman med krigarane dine rundt ikring på murane, og dei var vaktmenn i tårna. Skjolda sine hengde dei opp rundt ikring på murane dine. Såleis gjorde dei deg fullkomleg fager.
12 Tarsis handla med deg fordi du hadde så mykje av alle slag varer. Det dei kjøpte av deg, betalte dei med sølv og jern, tinn og bly.