15 Frå den dagen du vart fødd,var du heil i di ferd,til dess det vart funne urett ¬hjå deg.
16 Din store handel ¬førte med segat du vart fylt av vald ¬og tok til å synda.Då dreiv eg deg bort ¬frå gudefjelletog gjorde ende på deg,du vernande kjerub,mellom dei glitrande steinane.
17 Din venleik ¬gjorde deg hovmodig,og fordi du var så strålande,øydde du din visdom.Då kasta eg deg til jordaog gav deg over til kongar,så dei kunne sjå på deg ¬med lyst.
18 Med all di skuld ¬og din urett i handelvanhelga du dine heilagdomar.Så sende eg eld imot deg,og han gjorde ende på deg.Eg lét deg verta til oske ¬på jordafor augo på alle som såg deg.
19 Alle som kjende deg ¬ute mellom folka,fælte då dei såg deg.Du har vorte til skrekk og gru,og borte er du for alltid.
20 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
21 Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot byen