2 Menneske, sei til fyrsten i Tyrus: Så seier Herren Gud:Hovmodig er ditt hjartanår du seier: «Eg er ein gudog sit på eit gudesete ¬uti havet.»Du er berre eit menneske ¬og ikkje ein gud,likevel kjenner du deg ¬som ein gud.
3 Sjå, du er visare enn Daniel,ingen løyndom er duld for deg.
4 Med visdom og vit ¬har du vunne deg rikdom;i dine skattkammer ¬har du samla gull og sølv.
5 Med din store klokskap ¬i handelauka du din rikdom;men rikdomen ¬gjorde deg hovmodig.
6 Difor seier Herren Gud:Fordi du kjenner deg ¬som ein gud,
7 sjå, difor sender eg mot degframande folkeslag ¬som ikkje tek omsyn.Trass i din storslegne visdomdreg dei sverdet mot degog vanhelgar deg ¬i din strålande glans.
8 Dei støyter deg ned i grava;midt uti havet skal du døylik folk som vert slegne i hel.