9 Vil du då seia at du er ein gud,andlet til andlet ¬med dine drapsmenn?Du er ingen gud, ¬men berre eit menneskei hendene på dine banemenn.
10 Som dei uomskorne ¬skal du døyfor handa åt framande.For eg har tala, ¬seier Herren Gud.
11 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
12 Menneske, set i med ein klagesong over kongen i Tyrus og sei til han: Så seier Herren Gud:Du var seglet på det fullkomne,full av visdom og venleik.
13 Du budde i Eden, Guds hage,og var dekt ¬med alle slag dyre steinar:rubin, topas og diamant,krysolitt, karneol og jade,safir, turkis og smaragd.Dine handtrommer og smykkevar innlagde med gull;dei vart lagaden dagen du vart fødd.
14 Eg gjorde deg til ein strålande, ¬vernande kjerub.Du var på det heilage ¬gudefjellet,og gjekk ikring ¬mellom glitrande steinar.
15 Frå den dagen du vart fødd,var du heil i di ferd,til dess det vart funne urett ¬hjå deg.