1 Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne bokrullen! Gå så og tal til Israels ætt!»
2 Eg opna munnen, og han lét meg eta bokrullen.
3 «Menneske,» sa han. «Metta din mage og fyll dine innvolar med denne bokrullen som eg gjev deg.» Då åt eg, og rullen var søt som honning.
4 Så sa han til meg: «Menneske, gå til Israels ætt og tal mine ord til dei!
5 Eg sender deg ikkje til eit folk som talar eit uskjøneleg og vanskeleg språk, men til Israel;