4 Så sa han til meg: «Menneske, gå til Israels ætt og tal mine ord til dei!
5 Eg sender deg ikkje til eit folk som talar eit uskjøneleg og vanskeleg språk, men til Israel;
6 ikkje til mange folk som talar uskjønelege og vanskelege språk, så du ikkje forstår kva dei seier. Om eg sende deg til dei, skulle dei sanneleg høyra på deg.
7 Men Israels ætt vil ikkje høyra på deg, for dei vil ikkje høyra på meg. For heile Israels-ætta har harde panner og hjarto.
8 Sjå, eg gjer andletet ditt og panna di harde som deira.
9 Eg gjer panna di hard som diamant, hardare enn flint. Du skal ikkje vera redd dei og ikkje skjelva når du møter dei, om dei er ei trassig ætt.»
10 Så sa han til meg: «Menneske, alle dei ord eg talar til deg, skal du ta inn i ditt hjarta, og du skal høyra på dei med dine øyro.