Esekiel 31:12-18 N78NN

12 Framande folkeslag, som ikkje tok omsyn, hogg han ned og slengde han bortover fjella. Greinene datt ned i alle dalar, og lauvverket vart rive sund i alle bekkefar i landet. Alle folk på jorda gjekk ut or skuggen hans og lét han liggja.

13 På den falne stomnen slo alle fuglar under himmelen seg ned, og til lauvverket kom alle dyr på marka.

14 Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn, veksa for høgt og tøya krona si opp mellom skyene. Og dei sterkaste av dei, dei som syg til seg vatn, skal ikkje stå der så stolte. For dei er alle gjevne døden i vald og må fara til landet der nede, til menneske som har gått i grav.

15 Så seier Herren Gud: Den dagen sederen fór til dødsriket, lét eg havdjupet syrgja over han. Eg dekte det til og stogga straumane der; mengder av vatn vart haldne att. Eg kledde Libanon i svart for sederen skuld, og alle tre på marka turka bort av sorg over han.

16 Eg lét han falla med slikt brak at folkeslag skalv, då eg førte han ned til dødsriket saman med dei som går i grav. I landet der nede fekk dei trøyst, alle dei likaste Eden-trea, alle dei beste på Libanon, som saug til seg vatn.

17 Dei òg laut fara til dødsriket saman med sederen, ned til dei som var falne for sverd. Og dei som heldt til i skuggen av treet, vart strøydde ut mellom folkeslaga.

18 Kven er du då lik mellom trea i Eden i herlegdom og høgd? Saman med Eden-trea skal du støytast ned til dødsriket. Der skal du liggja mellom uomskorne, mellom dei som er drepne med sverd. Så går det med farao og heile hans hop, lyder ordet frå Herren Gud.