9 Så fager hadde eg gjort hanmed ein rikdom av greinerat alle Eden-tre i Guds hagevart avundsjuke på han.
10 Difor seier Herren Gud: Fordi sederen vart så høg av vokster at han tøygde krona si opp mellom skyene, og fordi han vart stolt av sin stordom,
11 gav eg han over til hovdingen over folka, så han kunne gjera med han etter hans vondskap og driva han bort.
12 Framande folkeslag, som ikkje tok omsyn, hogg han ned og slengde han bortover fjella. Greinene datt ned i alle dalar, og lauvverket vart rive sund i alle bekkefar i landet. Alle folk på jorda gjekk ut or skuggen hans og lét han liggja.
13 På den falne stomnen slo alle fuglar under himmelen seg ned, og til lauvverket kom alle dyr på marka.
14 Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn, veksa for høgt og tøya krona si opp mellom skyene. Og dei sterkaste av dei, dei som syg til seg vatn, skal ikkje stå der så stolte. For dei er alle gjevne døden i vald og må fara til landet der nede, til menneske som har gått i grav.
15 Så seier Herren Gud: Den dagen sederen fór til dødsriket, lét eg havdjupet syrgja over han. Eg dekte det til og stogga straumane der; mengder av vatn vart haldne att. Eg kledde Libanon i svart for sederen skuld, og alle tre på marka turka bort av sorg over han.