16 Der er det òg ein by som heiter Hamona. – Såleis skal dei reinsa landet.
17 Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane og alt som har venger, og til alle villdyra på marka: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort offer på Israels-fjella. De skal få eta kjøt og drikka blod,
18 eta kjøtet av krigarar og drikka blodet av fyrstane på jorda. Dei er som verar og lam, bukkar og oksar; som gjøfe frå Basan er dei alle.
19 Et feitt til de vert mette, og drikk blod til de vert drukne, av slaktofferet som eg slaktar for dykk.
20 Ved mitt bord skal de verta mette av hestar og andre ridedyr, av krigarar og alle slag stridsmenn, lyder ordet frå Herren Gud.
21 Eg vil visa mi guddomsmakt mellom folkeslaga. Alle folk skal sjå den straffedomen eg fullfører, kjenna mi hand som eg har lagt på dei.
22 Då skal israelittane sanna at eg er Herren deira Gud, frå den dagen og i all framtid.